OBS! Sista ansökningsdag har passerat för denna annons. Du kan fortfarande läsa om den, men det går inte längra att ansöka.

Om tjänsten

Besök hemsida
Omfattning Heltid
Publicerad 2024-03-21

Beskrivelse av Arbeidsgiver: Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook, https://nb-no.facebook.com/helsefonna Stillingsbeskrivelse: Vil du jobbe i eit positivt, inkluderande miljø, med fagleg dyktige og hyggelige medarbeidarar? Vi styrkar no bemanninga vår og håpar at DU vil søkje. Oppstartdato snarast eller etter avtale. Stillinga inngår i rotasjon med 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Laboratoriet Stord er ein del av Avdeling for Laboratoriemedisin, som eit av seks laboratorier i Helse Fonna. Vi er eit akkreditert laboratorium med døgnkontinuerlig drift og utfører analysearbeid innan medisinsk biokjemi og immunologi og transfusjonsmedisin. Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og har aktivitetar for barn og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbud. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/Flesland og til Stavanger. Det er også flyplass på Stord med kommunikasjon til Oslo. Arbeidsoppgåver: - Analysearbeid innan generell kjemi, hematologim koagulasjon og blodtypeserologi - Vedlikehald av analysemaskinane våre - Tapping av blodgivarar - Blodprøvetaking - Inngå i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg Kvalifikasjonar: - Bioingeniør - Erfaring inn laboratoriearbeid vil vera ein fordel Personlege eigenskapar/Hos oss er det viktig at du: - er strukturert, ansvarsbevisst og har gode samarbeidsevner - har høg arbeidsmoral og sterkt fagleg engasjement - bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr: - Eit inkluderande miljø med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar - Varierende arbeidsoppgåver - Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst - Konkurransedyktig pensjonsordning - Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring Mangfaldserklæring: Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Mer info

Omfattning Heltid
Varaktighet Tillsvidare
Antal platser 1
Lön Fast månads- vecko- eller timlön

Sök jobbet

Ansök via arbetsgivarens hemsida

Skicka ansökan

Dela annons